Personvernerklæring

Sist oppdatert 2. juni 2021.

I personvernerklæringa vert det forklart kva for nokre personopplysningar som vert lagra ved bruk av Postkassetrimmen, kva som er formålet med det, og korleis det vert nytta.

Persondata som lagrast

Deling av persondata med trimarrangørar

Organisasjonar (turlag, idrettslag, o.l.) kan arrangere trimmar (konkurransar) gjennom Postkassetrimmen og få kontaktinformasjon til deltakarane etter trimmen er over. Du må eksplisitt gi samtykke for dette for kvar enkelt trim du ynskjer å delta i. Dette får du spørsmål om dersom du melder deg på som deltakar på trimmen si side i appen.

Med ditt samtykke vil arrangøren kunne få din kontaktinformasjon i form av namnet du har registrert og e-postadressa di. Dersom den enkelte trimmen nyttar aldersklassar vil òg fødselsdatoen din – dersom du har registrert dette – verte delt med arrangøren. I tillegg vil arrangøren få tilgang til dine poeng og registreringar for den aktuelle trimmen.

Du kan når som helst melde deg av og på ein trim i løpet av tida den er aktiv.

Databehandlarar

Postkassetrimmen nyttar følgjande tenester som behandlar personopplysningar på vegne av Postkassetrimmen.

Firebase Authentication

Firebase Authentication vert nytta til sikker autorisering og autentisering (innlogging) av brukarar. Denne tenesta har tilgang til e-postadresse, namn, passord og profilbilete.

DigitalOcean

Postkassetrimmen nyttar tenarar (serverar) leigd av DigitalOcean. Her vert namn, fødselsdato, profilbilete og innsjekkingar lagra.

Postmark

E-postleverandøren Postmark vert nytta til all automatisert e-post sendt frå postkassetrimmen.no. Tenesta vil få tilgang til e-postadressa di ved sending av automatisert e-post til deg. Merk at dette ikkje gjeld e-post sendt til postkassetrimmen.no eller ved privat korrespondanse.

Analyse og feilvarsling

Postkassetrimmen tar i bruk eit par verktøy for å finne feil og kunne forbetre appen.

Firebase Analytics (før v4.4.0)

Bruk av Firebase Analytics vart fjerna i versjon 4.4.0 av appen. Avsnittet under gjeld ikkje denne versjonen og nyare.

Firebase Analytics er eit analyseprogram som registrerer anonymisert brukaraktivitet, som kva sider som vert vitja og kva knappar som vert trykte. Informasjonen er anonym, og kan ikkje knyttast til brukarkonto.

Crashlytics

Crashlytics er eit feilrapporteringsverktøy som loggfører når appen kræsjar hos ein brukar. Crashlytics samlar inn feilrapporten som vert generert ved ein kræsj, samt informasjon om telefonen, som produsent, modell, operativsystem og appversjon. Informasjonen er anonym, og kan ikkje knyttast til brukarkonto.

Posisjonssporing

Postkassetrimmen brukar posisjonssporing for å finne ut om brukaren er i nærleiken av destinasjonar (fjell). Posisjonar frå denne sporinga vert ikkje lagra på Postkassetrimmen sine tenarar. Posisjonen til ein brukar vert kun lagra i form av destinasjonsvitjingar. Altså, når ein brukar er i nærleiken av eit fjell, kan han sjekke inn på (vitje) fjellet. Då vil tidspunktet brukaren var ved fjellet verte lagra på Postkassetrimmen sine tenarar. Dette vil vere synlig for andre brukarar.

Sletting og endring av persondata

Brukaren kan til ei kvar tid endre på personopplysningane som er knytta til brukaren sin profil gjennom appen. Brukaren kan også til ei kvar tid velje å slette profilen sin. Då vil profilen og alle tilknytta data (vitjingar/innsjekk) òg verte sletta.

Dersom du ikkje brukar appen på 2 år vil profilen din og all tilknytta data verte sletta. Dersom du aldri har registrert ein tur, vil profilen din verte sletta etter 6 månader etter siste bruk. For å kunne handheve dette vert dato for siste innlogga bruk av appen lagra.

Sikring av opplysningar

All kommunikasjon mellom brukaren sin mobiltelefon og Postkassetrimmen sine tenarar skjer kryptert over SSL. Firebase Authentication vert nytta til autorisering og autentisering. All kommunikasjon som har med personopplysningar å gjere vert autentisert ved bruk av JSON Web Tokens (JWT).

Behandlingsansvarleg

Mats Byrkjeland er ansvarleg for behandlinga av personopplysningar sendt til Postkassetrimmen.

Kontaktinformasjon: Mats Byrkjeland (post@postkassetrimmen.no).